12. | Ertsgaard, Peter Johnsen (Eidsvollsmann) ble født 13 Aug 1784; ble døpt 22 Aug 1784; døde 7 Feb 1848; ble begravet , Værnes kirkegård, Stjørdal. Notater:
I 1804 vart han innskriven som dragon ved Trondhjemske dragonkorps, og i 1807 vart han korporal ved Strindenske dragonkompani. Under Jämtlandstoget i juli 1809 var Ertsgård furer. Avdelingar av dei to Trondhjemske infanteriregiment, dragonar til fots og landvernsmannskap rykte frå Stjørdal og Verdal inn i Jämtland under sonen til general C.F. von Krogh, adjutant, kaptein von Krogh.
I ei kompanirulle som ligg i statsarkivet i Trondheim, dagsett 22/6 1811 er nemnt at Ertsgård var 27 år, hadde tent i 7 år og steig 1/1 1811 frå korporal til kvartermeister.
Ved valet i 1814 var han 2. representant frå Trondhjemske dragonkorps til Riksforsamlinga på Eidsvoll.
Ertsgård tok over farsgarden i 1816. Han søkte avskil frå militærtenesta etter at han i 13 1/4 år hadde gjort teneste som dragon og underoffiser. Avskilspasset hans er underskrivi på garden Logstein, Frosta, av sjefen for korpset, Henrik Angell Coldevin. Frå 1820 var han styrar av Mustgodset i Stjørdal og Singsås. Valmann frå 1814 til 1845 og medlem av Stjørdalen heradstyre frå 1837. Var 1. stortingsrepresentant frå Nordre Trondhjems amt 1830 og 3. representant i 1833. I lang tid medhjelpar i Værnes kyrkje og såleis medlem av den såkalla bygdekommisjon. Forlikskommissær frå 1830. I 1838-1839 var han varaordførar i Stjørdalen.
Bygsla Bjørnøya (6 marklag) 4/9 1817. Fekk skøyte på Ertsgård av faren 16/2 1815.
Peter giftet seg med Lånke, Anne Jonsdatter 29 Mai 1815. Anne ble døpt 22 Jul 1787; døde 31 Aug 1864. [Gruppeskjema] [Familiediagram]
|