Huvestad, Talleiv Olavson (Eidsvollsmann)

Huvestad, Talleiv Olavson (Eidsvollsmann)[1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8]

Mann 1761 - 1847  (86 år)

Personlig informasjon    |    Media    |    Notater    |    Kilder    |    Alle    |    PDF

  • Navn Huvestad, Talleiv Olavson  [8
    Suffiks (Eidsvollsmann) 
    Født 1761  Skafså, Tokke, Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet  [8
    Kjønn Mann 
    Død 13 Jun 1847  Dalen, Tokke, Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet  [8
    Gravlagt Eidsborg stavkirke, Tokke, Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet  [8
    Person ID I29402  Eidsvollsmennenes etterkommere
    Sist endret 8 Apr 2014 

    Familie Mandt, Gjertrud Rasmusdatter,   f. 26 Apr 1778, Dalen i Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. 24 Des 1845  (Alder 67 år) 
    Gift 7 Nov 1797  [8
    Barn 
     1. Huvestad, Olav Talleivson,   f. 1801, Dalen i Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. 1866, Dalen i Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet  (Alder 65 år)
     2. Huvestad, Gunhild Talleivsdotter,   f. 1803, Dalen i Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. 1873, Dalen i Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet  (Alder 70 år)
     3. Huvestad, Vetle Talleivson,   f. 1806, Dalen i Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. 1807, Dalen i Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet  (Alder 1 år)
     4. Huvestad, Torbjørg Talleivsdatter,   f. 1809, Dalen, Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. Ja, ukjent dato, Dalen, Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet
     5. Huvestad, Else Talleivdotter,   f. 1817, Dalen i Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. 1877, Dalen i Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet  (Alder 60 år)
     6. Huvestad, Anne Talleivsdatter,   f. 1820, Dalen i Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. 1907, Dalen i Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet  (Alder 87 år)
     7. Huvestad, Vetle Talleivsson,   f. 1812, Dalen i Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. 1880, Dalen i Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet  (Alder 68 år)
     8. Huvestad, Halvor Talleivson,   f. 1815, Dalen, Telemark Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. Ja, ukjent dato, ukjent Finn alle personer med hendelser på dette stedet
    Famile ID F10442  Gruppeskjema  |  Familiediagram

  • Bilder
    Tallev_Olsen_Huvestad.png
    Tallev_Olsen_Huvestad.png

  • Notater 
    • Talleiv Olavsson Huvestad blei født på Storåslid i Skafså i Vest-Telemark 13.juli 1761. Han var son av Olav Storåslid som hadde vori med i «Den store nordiske krigen» tidleg på 1700 talet då Karl den12. gjekk til åtak på Danmark gjennom Slesvig. Faren fortalte truleg mykje om krigen og utlandet. Dette kan ha lagt grunnlaget for ei sterk historisk interesse hos Talleiv. Mor til Talleiv var Torbjørg Gjermundsdotter Kjestveit fra Skafså.

      Talleiv fikk sin fyrste skulegang ved omgangsskulen på Sundet i Skafså. Kapellanen i bygda, Hans Mathias Abel, som budde på Sundet var og lærar i bygda. Han vart seinare farfar til matematikeren Niels Henrik Abel. Kapellanen var ein vidsynt mann med kunnskap i mange fag, kunnskap han likte å dele med andre. Han var ikkje bare oppteken med dei åndelige sidene for sine sognebarn, men arbeidde og for folkeopplysning og betring av livsvilkåra i bygda.
      Han delte ut såeple til elevane, og gjorde såleis jordepla kjent i Øvre-Telemark.

      Talleiv merka seg nok tidlig ut som ein spesielt interessert og evnerik elev. Han fekk ekstraopplæring av kapellanen som hadde sett Tarjei for seg som omgangsskulelærar i bygda.
      Talleiv fekk saman med andre bondesøner mykje opplæring av Abel, spesielt i skriving, rekning og det vi i dag kallar samfunnsfag.

      Abel blei etter kvart sokneprest i Mo prestegjeld og for og vedlikehalde og utvide lærdomen flutte Talleiv til Mo for ei tid og budde hjå Abel på prestegarden. Abel flutte frå Mo i 1778, Talleiv blei konfirmera som 17 åring same år. Det var utan tvil lærdomen frå undervisninga til Abel som gav Talleiv grunnlaget for dei gode kunnskapane og vidsynet han hadde. Lærdom som var med til å forme han som eit godt og varmt menneskje som viste ansvar for sine medmenneskje og for samfunnsutviklinga.

      Etter konfirmasjonen i 1778 vart Talleiv omgangskulelærar. Same året døde faren. I 1779 gifte mora seg med Vetle Huvestad på Dalen i Telemark. Talleiv flutte med til Dalen og heldt fram med arbeidetsom omgangskulelærar i nokre år. På denne tida kom det ein ny særdeles opplyst prest til Mo prestegjeld ved navn Svend Aschenberg. Han hadde studera både medisin og teologi i København og var medlem i Vitenskapsakademiet. Han var prest i Mo fra 1794 til 1806, og med sin medisinske kunnskap fungera han i tillegg tidvis som doktor. Næraste virksame doktorkontor for bygdene i Øvre-Telemark låg i Skien.
      Det var vanskelege tider med dårlig hygiene og mange smittsomme epidemier. Aschenberg arbeidde for eit betre helsestell og fekk stoppa mange av dei smittsame epidemiane som herja på den tida.

      Talleiv som var omgangskulelærar og ein kunnskapssvolten person fekk eit godt og nært vennskap med sokneprest Aschenberg i Mo. Presten og opplysningsmannen Aschenberg må ha hatt stor påverknad på Talleiv. Arschenberg var medlem av Vitenskapsakademiet og godt orientera om politiske og samfunnsmessige tilhøve i Europa, kunnskaper som han brakte vidare til bl.a Talleiv. Han lærte Talleiv lækjarkunst, medisinbruk og vaksinering mot kopper som på den tida var nytt. Talleiv utvikla seg til ein dugande bygdedoktor som i tillegg til medisinering også måtte hjelpe til som kirurg. Han kunne saume att sår og drage armar i led.

      Talleiv som no budde på Huvestad overtok garden frå stefar sin i 1794. Dei eldre fekk føderåd.
      Frå godseigar Aall i Ulefoss kjøpte han tilbake skogen som hadde høyrd til garden. Han dreiv kulturarbeid i skogen og fekk han i skikkeleg hevd. Det same gjorde han med hus og hage på Huvestad. Han planta aplar, pæretre og valnet-tre, han vart ein kjend føregangsmann for hagebruk. Ved sida av arbeidet med gardsbruket og «ungdomskulen» som han dreiv på Huvestad, samla Talleiv seg store kunnskapar i soga, rettslæra og helselære. Han var vidspurt for klokskapen sin og fekk vitjing frå nært og fjernt av folk som kom for å søkje råd. Stort sett alle dokument om voldgift, utskifting, skjøte, arvebrev og gåvebrev i bygdene omkring på den tida, er sett opp og skrivne av Talleiv Olavson Huvestad
      Han var utskiftingsformann, «vinkelskrivar» som det heitte på den tid. Ein skal ikkje ha lest mange Tinglysingsdokument og sider av Grunnboka frå tida rundt århundreskiftet, då Talleiv Olavson Huvestad praktisera som «vinkelskrivar» for og skjøne at rettslære og skrivekunst var ein viktig forutsetning for arbeidet. Det å gjera greie for grenselinjene mellom eigedomane og sette opp grensemerker «deilder» slik at partane på både sider av grensa var samde og dette i eit dokument- skrivi for hand- som kunne etterprovast og gjelde i generasjonar frametter, var ikkje alltid like enkelt.

      Eidsvollsmannen
      Kunnskapane til Talleiv om ulike fag frå samfunnshistorie til rettslære, medsin og botanikk må ein ha som bakteppe for og skjøna kvifor Talleiv blei valt inn som representant for bondestanden i Bratsberg amt.

      I eit avsnitt frå minnetala som rektor Torgrim Otterholt, ved Tokke Vidaregåande Skule, helt på 150 års dagen etter Talleiv Olavson Huvestads død, 13.juli 1997, er samtida godt skildra.

      "Den tida Talleiv voks opp i slutten av 1700-talet var ei sterk brytningstid med krigar og revolusjonar i den vestlege verda, Europa og Amerika. I Talleivs konfirmasjonstid og ved opphaldet i Mo saman med Abel, reiv dei britiske koloniane i Amerika seg laus frå England. Dei kjempa om sjøvlstende og eigen grunnlov. Frankrike og England, dei to store kolonimaktene sto mot kvarandre og kjempa om koloniar, makt og pengar. Då Talleiv var 21 år, omgangskulelærar og omgangsven med Aschenberg braut den franske revolusjon ut i 1789. Med revolusjonen i Frankrike kom dei nye ideane fram om menneskeverd,fridom og likskap og spreidde seg utover Europa. Folk vende seg mot eineveldige fyrstar og adel og ville ha meir råderett over livet og eigedomen sin og dei la seg etter opplysning og politisk makt for å gjera livet betre.

      Her heime hadde vi Lofthus-opprøret der bønder protesterte mot urimelege skattar og embetsmenn, og Hans Nilsen Hauge som og var ein bondeleiar på sitt vis
      På slutten av 1700-talet var det og ein sterk økonomisk vekst. I England starta dette vi kallar den industrielle revolusjon, og det førte med ei ny interesse for mekanikk og meir effektiv produksjon.Dette var ei blomstringstid for økonomien i Noreg og som nøytralt land tente vi store pengar på handel med dei krigførande landa. På slutten av 1700-talet og fram til 1807, var det eit voldsomt økonomisk oppsving her i landet både i skipsfart, og handel med tømmer, jern og fisk. Det førde til at vi blei mindre avhengige av Danmark og det og styrka patriotismen og fridomsideala som fylgde med den franske revolusjon
      Noreg hadde som kjent vori i union med Danmark frå 1400-talet. Etter at den store nordiske krig mot Sverige var slutt i 1720, var målsettinga for den dansk-norske utanrikspolitikk, nøytralitet og landet helt seg utanfor alle krigar fram til 1807 då det blei krig mot England.
      I 1807 tok britane den dansk-norske flåten, og vi kom i allianse med Napoleon og Frankrike. Frå 1808 til 1813 var det stopp i all eksport frå Noreg til England og full stopp i import av korn og då det i tillegg var fleire uår blei det stor naud i landet".

      Misnøya i Noreg blei større og nå kom etterkvart kravet om sjølvstende og eiga grunnlov. Hausten 1813 lei Napoleon nederlag og Danmark-Noreg var med som den tapande part. Freden blei slutta i Kiel 14. januar 1814 og her blei det avgjort at Danmark skulle overlate Noreg i krigsbytte til Karl Johan og Sverige som hadde vore med på og kjempa mot Napoleon. Unionen med Danmark var slutt.


      Unionspartiet
      Hermann Wedel Jarlsberg som vart ein av utsendingane til Eidsvoll i 1814, hadde juridisk embetseksamen frå universitet i København 1801, og i åra etter hadde han fleire embete på finanssida i den dansk-norske statsadministrasjonen. Han var også amtmann i Buskerud frå 1806 til 1813.
      Wedel mislikte Noregs underordna stilling i unionen med Danmark og arbeidde for ei tilnærming til Sverige. Etter at den svenske adelen hadde avsatt Gustav lV Adolf i 1809, hadde Wedel omfattande hemmeleg kontakt med Sverige om ein mogleg norsk-svensk union. Han var leiaren for ein separsjonspolitikk til stor irritasjon i København. Han blei stiftaren av Unionspartiet som seinare vart opposisjonspartiet i Riksforsamlinga på Eidsvoll.
      På Eidsvoll blei Hermann Wedel-Jarlsberg ein av dei førande for dei som gjekk inn for ei «betinga foreining» med Sverige.

      I eit avsnitt frå boka til Toralf Killand Bergvitz «Domen», om Eidsvollsmannen og Stats-mannen Severin Løvenskiold, saksar eg eit sitat frå boka til Olaf Gjerløv, Aschehoug 1948:

      "Den situasjonen Norge gjennomlevde i tiden mellom Kielfredens avslutning 14.januar 1814 til riksforsamlingen trådte sammen på Eidsvoll 10.april samme år, artet seg i hovedtrekk slik: Christian Fredrik, Danmark og Norges tronarving og Norges
      stattholder, ble fra første stund den sentrale personlighet i kraft av den eneveldige makt han utøvde fra før, videre som følge av den hardhendte tilsløringspolitikk han førte overfor det norske folk, som aldri fikk vite mer om stillingen enn det som passet prinsen. Det er i så henseende karakteristisk at ordlyden av Kiel-freden først ble offentliggjort i Norge 10.mars, altså etter at folket hadde bundet seg ved edsavleggelsen og etter at de fleste valg til riksforsamlingen var foretat ".


      Notabelmøte på Eidsvoll
      Det ble innkalt til et Notabelmøte 16.februar 1814, der prins Chr. Fredrik møtte framståande representantar for Noreg. På møtet vart dei frammøtte orientera om Noregs stode etter Kiel-traktaten.
      Den svenske kongen, fekk dei vite, måtte i traktaten : « Forplikte seg til å la nordmennene nyte de lover, rettigheter og friheter som gjaldt på det tidspunkt da freden ble sluttet».
      På Notabelmøtet ba Chr. Fredrik møtedeltakarane ta stilling til to spørsmål:

      Vil nordmennene bøye seg for bestemmelsen i Kieltraktaten om landets avståelse til Sverige?
      Og kan han selv som dansk-norsk arveprins påberope seg arverett til den norske tronen?

      Samtlege var enige om at alle nordmenn ville setje seg imot ei underkasting under Sverige, Alle ville ha ei Norsk Grunnlov. Synet på prinsens arverett var delt.
      Dei frammøtte( Wedel-Jarlsberg var fråverande pga reise) kom fram til at det norske folk sjølv skulle få uttale seg om sjølvstendespørsmålet, og at det måtte veljas ein grunnlovgjevande forsamling som skulle møtas på Eidsvoll innan 8 veker. Inntil vidare skulle Chr. Fredrik styre riket med tittelen regent.


      Utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll
      Tre dager etter Notabelmøtet sender Chr. Fredrik eit rundskriv til landets biskopar om at alle menighetar i landet skulle samlas i kyrkja, for og høyre at danskekongen hadde avstått Noreg til Sverige, og at Christian Fredrik har overtatt styret av landet, og at folket må slutte opp om prinsen for å berge friheten sin.

      Prestane skulle holde en kraftig innledningstale og formane påhørerne følgende eid:
      "Sværge I, at hævde Norges Sælvstendighet, og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreland? Deretter skulle kirkefolket svare: Det sværge Vi, saa sant hjælpe oss Gud og hans hellige ord".

      Dette var ein folkeeid som skulle binde heile folket og ikkje minst dei som blei valt inn til tingmenn på Eidsvoll til truskap for landet og regenten Christian Fredrik, som ynskte å bli valgt til norsk konge.
      Mange av dei som møtte opp i kyrkjene 25. februar var fullstendig uvitande om det som skulle handsamast, både mop. truskapsløfte og val av valmenn som skjedde like etterpå.

      Slik Chr. Fredrik la opp dette med truskapsløfte og samansetninga av Riksforsamlinga med ca. 2/3 embetsmenn, militære og forretningsmenn og 37 stykker frå bondestanden, kunne han rekne med stor oppslutning om sjølvstendepolitikken. Alle representantar med unntak av bondestanden hadde hatt eit viss personleg føremon av samhøyrigheta med Danmark. Og bøndene rekna han med var uvitande og lette å overtyde.

      Talleiv Olavson Huvestad var bonderepresentant, men med uvanlege evner og kunnskap om mangt og mykje. Talleiv var tilliks med dei to andre representantane frå Bratsberg amt, amtmann Severin Løvenskiold, og fogd Peder Jørgen Cloumann, representantar for Unionspartiet. Dei ville halde utvegen open for ei sameining med Sverige på framforhandla vilkår. Som me veit var også Wedel Jarlsberg med i Unionspartiet. Det var også ein del andre som var med, mellom andre Nicolai Wergeland og Jacob Aal, dei var likevel ikkje fleir enn 27-28 menn, av dei totalt 112 tingmennene, dei andre var medlemmer i Sjølvstendepartiet.
      Leiande representantar for dette partiet var Georg Sverdrup og Christian Magnus Falsen.

      For Unionsmennene såg det opplegget som Chr.Fredrik og Sjølvstendepartiet la opp til med å velje Chr. Fredrik til konge, ut som å halde fram som undersåttar av Danmark. Chr. Fredrik var framleis arveprins til dansk trone, Unionspartiet ville derfor at forsamlinga skulle røyste over og vedtaka : « Et forbud mot at kongen skulle kunne motta en fremmed krone». Forslaget vart nedstemt,

      Representantar for Sjølvstendepartiet gjekk så langt som til å mobbe og herse med unionistane og prins Chr. Fredrik nørte opp under og hissa opp til hat mot Sverige og mistenkeliggjorde opposisjonen mot prinsens syn, «vestpartiet» eller «vestklikken» som dei spottande vart kalla.

      Under eit møte i riksforsamlinga heldt presten Jonas Rein ei kjensleladd tale der han nærast skulda unionistane for å vera landssvikarar. Han avslutta tala med: «Her gives menn blandt os, der truer med at forlate fedrelandet såfremt det bliver fritt. Bort med dem! La dem lenge nok fly det land, hvis uægte sønner de er. Kun at vilde gjøre os den tjeneste at fortie fra hvilket land de drog ut!»
      Etter dette måtte unionistane innsjå at slaget i riksforsamlinga var tapt, dei som hadde førebudd taler med innhald for union, mellom andre Nikolai Wergeland, stakk manuskriptet tilbake i lomma.

      At det gjekk hardt for seg med personforfyljing og hets er eit notat( brev) som er skrivi av Wedel-Jarlsberg, sendt til Jacob Aal, 15 år etter samlinga eit prov på: «Mit blod koger hver gang eg tenker på det som De og jeg og andre måtte utstå i hine døgn.»

      Grunnlova
      Unionspartiet og Sjøvstendepartiet var som nevnt svært uenige om val av prins Chr. Fredrik som norsk konge, men dei var kun av ein oppfatning når det gjalt ei ny Grunnlov for landet..

      Sokneprest Anker skildrar Talleiv : «Den 10.april 1814 møtte han fram i Eidsvolls-bygningii sin nasjonale bunad: toppluve av kvitt og svart vadmaal, kvit vadmaalskufte kanta med myrkt og raudt klæe,sylvknappa vest,knebukser, reitutte(striputte)sokkarog sylvspente sko. Han var liten av vokster, med ljost haar, klaare blaa augo, og raudlett i andlite. Han var stillfaren i si framferd, men likevel fast og avgjord i sene meiningar».

      Av referat frå forhandlingane på Eidsvoll kan me sjå at Talleiv Olavson Huvestad var med å forme deler av Grunnlova. Ingen av bøndene på Rikstinget fekk så mykje å gjera med sjølve grunnlovsarbeidet som Talleiv. Han skreiv under og førte derved i pennen tri lovframlegg om bruk av jord om det «benifiserede gods» og om odelsretten.

      Talleiv vann vyrdnad og tiltru mellom sine yrkesbrør på Rikstinget og fekk mykje velviljug ros både av dei og andre som lærte han å kjenna. Henrik Wergeland skriv i si bok «Norges Konstitusjons Historie» om Talleiv Olavson Huvestad «Et udmerket Eksemplar av disse især i Historie belæste Fjeldbønder, som stundom overrasker den Reisende. Kunde ikke sættes (som det heder)i Snorre, og besad derhos, iDybet av den elskværdigste Beskedenhet, under sin Telekofte, flere Kundskaber i Udenverdens Historie og Geografi. Disse fremtraadte en Gang saa overraskende under en Dizkurs Prinsen førte i Anledningaf et av de siste napoleanske feltslag, at denne utraabte: «hvilke Bønder der dog er i Norge!»

      Etter oppløysinga av Riksforsamlinga i 1814 skulle det haldast val på utsendingar til Stortinget. Talleiv vart ikkje vald inn på Stortinget i 1814. Kunne det ha å gjera med hans haldning til Unionspartiet?
      Talleiv Olavson Huvestad blei vald inn på Stortinget i 1818. Han vart vald som medlem av ein 12- manns delegasjon frå Stortinget til å møte i Stockholm då Karl Johan blei krona til konge 11. mai 1818. Til minne om denne ferdi fekk han av kongen ei gullmedalje med lekkje til å henge rundt halsen. Vi ser denne på det måla bilete av Talleiv frå denne tida. Vi ser og sylvmedalja for borgardåd som hanfekk av kongen i 1822.

      Eidsvollsmannen Talleiv Olavson Huvestad vart 17. mai 1901 heidra for sin gjerning med ein bauta på grava ved Eidsborg stavkyrkje. Seinare i 1949 blei det sett opp ei minnestøtte med relieff i Skafsåder han blei født og voks opp.

  • Kilder 
    1. [S6792] Mo Bygdebok av Steinar Marvik 1989.

    2. [S6786] Mo Bygdebok av Olav Grimdalen s.398-400.

    3. [S6788] Tokke Historilags Årskrift 1998 Torgrim Otterholt s. 41-47.

    4. [S6789] Domen, Thoralf Kielland Bergwitz, Dreyer Bok 2001.

    5. [S6790] Foredrag av lærar Gunnar Nordskog.

    6. [S6791] Søk på nettet etter TOH.

    7. [S6787] Lårdal Soga av Olav T Bakken s. 228-230.

    8. [S6785] GEDCOM file imported on 7 March 2013.